Unike kulturopplevingar på unike stader.
Hilmar året rundt tek deg med ut i bygda, opp på fjellet, inn i låven og heim att til bygdesalen — for konsertar, forteljingar og møte du ikkje gløymer.
Mellom festivalvekene held vi kulturen levande med eit heilårleg program av konsertar, kurs, foredrag og forteljarkveldar — store og små, profesjonelle og lokale.
Vi løftar både etablerte artistar og lokale krefter, og samarbeider med kulturhus, bygdelag, kyrkjer og næringsliv om opplevingar som høyrer heime nett der dei skjer.
Heile året, over heile regionen.
Konsertar i låven, forteljingar i kyrkja, song på fjellet — opplevingar som tek deg tett på menneske, stader og stemningar du seint gløymer.
Se programFolketonar i ein gamal låve
Program 2026
Sikre deg plassen før det er fullt.
Konsertar, forteljingar og arrangement — på unike stader over heile Trøndelag. Vi nyttar enkle, sikre billettløysingar.
Sjå tilgjengelege billettarKjøp billett
Vel arrangement i kalenderen og fullfør kjøpet trygt. Du får billett på e-post med ein gong.
Samarbeid og bistand
Vil du arrangere noko saman med oss? Vi tek imot førespurnader frå kulturhus, bygdelag, kyrkjer, festivalar og enkeltarrangørar.
Meld inn samarbeid
Har du eit konsept, ein artist eller ein stad du vil vise fram? Vi vil høyre frå deg.
Bistand til booking
Vi hjelper både arrangørar og artistar med praktisk gjennomføring, frå booking til produksjon.
Snakk med oss om Hilmar året rundt
Har du spørsmål, idéar eller ønskjer eit samarbeid? Ta kontakt direkte med oss som jobbar med satsinga.

Folkemusikken og forteljinga skal leve heile året — ikkje berre i festivalveka. Vi tek henne med dit folk er.